HanneDublinBlog

søndag, september 17, 2006

Girls just wanna have fun..


Me er heilt klart ein gjeng med seriøse studentar - der skule er skule, men det er 5 dagar i veka! :-)
No i oppkjøyringsfasen har det ikkje vore så mykje å gjera av skule arbeid i helgane, så da har me benytta sjangsen til å bli kjendt med pittelitt av det nattelivet Dublin kan tilby for nyfikne og ivrige nordmenn.
I og med at me startar med blanke ark, går mykje av bekjentskapen av pubar på rykte.
Alle veit nokon som veit om... ja, om ikkje du har noko som kjenne nokon som kjenne nokon, er det ikkje verre enn å stoppa å spørja ein irar.
Og irane svarar. Det er egentlig det første ein merkar når ein kjem ned her, du skal ikkje stå lenge med nasen i kartboka o.l før ein spørjande irar lure på om du er lost. Takk takk for all hjelp!

Så me får ta tiden til nytte å verta meir kjende etterkvart - sjølv om det skal bli hardt å rekka over alle dei 1000 barane Dublin kan skryta av :-)
Mangen av oss er oppvaksne med gode, sletne brune pubar frå bygdene, så ein skal ikkje sjå vekk i frå at det er på ein lokal, irsk pub me kan føla oss mest heime :-)

Eg ser i allefall fram til å oppleva og utforska "dublinsk" nightlife i komande framtid!!
Cheers!