Vandring i byen..
I det eine faget vårt - building conservations, restaurering av byggningar har me verdas mest ivrige lærar. Pat er namnet, og han har ein "ting" for gamle byggningar og bygg generelt, som me andre aldri vil kunna forstå. Han vil at me skal forelska oss i byggningar, han gjere det heile tida seie han. Rart, men sant. Iver er eit godt stikkord, og er det noko denna karen har..så er det nettopp det. Det har ein positiv smitteffekt på oss andre, IKKJE så ihuga studentar. Merka sjølv at eg blir flinkare etter kvar forlesning, til å bemerka og observera det han lære oss, han er dyktig. I tillegg er han ein djevel på datoar og årstal, så me har mykje å læra :-)
Som sagt var det kostyme fest i går, og gåturen i dag hang i ein tynn tråd da vekkeklokka ringte klokka halv ni. Me hadde avtala om å ta ein "roleg" kveld ute på byn i går, selfølgelig går det aldri som ein planlegg.
Me var ein snau gjeng på 9 stk som møtte opp på turen i dag, og turen i seg sjølv som varte i 4 timar, var grei den..
I morgo skal me gå på nordsida av Dublin å sjekka opp dårleg restaureringsarbeid eller falleferdige bygg - kånge!
Først treng ein litt fleire timar på auga enn det gårsdagen bestod av..good night!
See ´ya!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home