HanneDublinBlog

fredag, mars 23, 2007

Helg, nok ein gong!



Eg veit ikkje om det berre er meg, men no tykkje eg seriøst at det er fredag anna kvar dag...
Ei veka sidan Helletuppa var her - skremmande å tenka på!
No har me faktisk hatt fri ei heil veka, eller over det. Og fortsatt ligg eg dårleg an med oppgåva, korleis er det i det heile tatt muleg? Eg spør meg sjølv.
Surrehåve, kalla me slekt.

Eg skal skjerpa meg når eg bli stor!

Dagane har gått i eitt, litt vandring i byen – og så har eg slått av litt tid på skulen og, faktisk. Ellers er det tredje kvelden min ALL alone in Brabazon, eigentleg ganske herleg. Då ein veldig skjeldent er mindre enn to – så mens Caro kosar seg meg Kæll´n sin, spelar eg musikk for naboar – syng ein liten trall og tek meg ein bete norsk melkesjokolade.
Kan det bli betre? N I X..

Følte for å bruka litt peng i dag, så da gjekk eg inn på ein Apple butikk og kjøpe den søtaste tingen eg har hatt på lenge.
Så utruleg liten, men likevel så stoor.
Ipod Shuffle – oransje, fordi eg fekk følinga av sommar da eg såg han. Nice.
Me to skal få det moro saman, inga tvil!!!

Så no sit eg på ein pinnestol av eit møbel, klar for å gjera ein bitteliten innsats med oppgava mi...
Ha ein riktig god helg – nyt det, plutselig er det måndag att☺

Radlast!

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Endeleg vennen:) FET!!! Da ha du komplett samling, grattis og kooos deg med Mika:) Muuah, B.I.E.H, lotsa love, Joa på nåsi.

12:03 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home