HanneDublinBlog

torsdag, mai 24, 2007

HURRA HURRA HURRA!!!!








Ein stk LYKKELIG Hanne!!
Eg hadde presentasjon av final project på mandag - det gjekk fint, ergo - EG ER FERDIG!
No gjenstår det 2 veker med BERRE KOS... Caro får besøk til helga, Gunn Hege og Tiril tek turen.. Ellers så reiser susa om 7 dagar og for min del kjem Joacim om 11 dagar - går slag i slag no!!
Gledar meg utrulig mykje til det, da blir det ei veke med "ferie" i Irland..satsar på å få sette ein del av landet før eg forlet det..
Trist på ein måte - kjem til å sakna folket, men herleg å få oppgåva vekk frå skuldrane!!!!

Håpar alle har det bra - lovar å vera litt flinkare å blogga om SISTE TIDEN her i Dublin - tiden er ikkje til å stoppa ser det ut som så ein får utnytta det til det fulle!
Håpar folket har det bra...

Eit lite innblikk av oppgåva over....

See ya!
Hanne

lørdag, mai 12, 2007

Kva skjer?

5 dagar til Final Print dato - da skal oppg sendast til trykk - treng ikkje sei meir enn det!
WÆÆÆÆÆÆÆ..

Oppdateringar kjem om fem dagar - hei å hå!!
:)

torsdag, mai 03, 2007

Sommer kommer, sommer kommer... sol og regn, latter og sang!

Ja, det er no snickers og twist!!!
I går var det duka for siste CRIT før FINALEN som da er 16. mai, eller da blir oppgåvene sendt til print.. og ikkje ein har ikkje mulegheit til å gjera noko som helst meir.. IIK! Kjenner det gir ein litt skummel følelse i magen.. men fornøgd blir ein vel heller aldri, så det får gå som det går.. eg er iallefall eit steg NÆRMARE NORWAY, og DET føles herleg!
Sola skin som berre det om dagen, lite fristande å sitta inne! Rykte seier at de ikkje har det så aller verst de der heime i Nord heller:)
No blir det FULL rulle fram til den tid, så sikkert lika lite blogging som det har vore i det siste..hoho!

Håpar alle har det bra - så skal eg prøva å bidra med litt vår/sommar bilder etter kvart... :)
See ya!