HanneDublinBlog

tirsdag, april 10, 2007

Påskestund har gull i munn..




Onsdag var det klart for besøk, og etter nokon hektiske dagar med oppgåve jobbing valte eg å ta heilt fri når dei kom.. sjølv om eg skulle ønska eg kunne ha brukt meir tid til folket og kanskje slappa litt meir av, har eg kosa meg masse... men men, det er no slek!

Me hadde iallfall nokon STRÅLANDES dagar i Dublin by, påskesola ville verkeleg vise seg fram og det utnytte me det til det fulle!

Torsdag måtte eg ha meg ei økt på skulen, medan besøket leika litt turistar i byen på eiga hand. Fredagen tok med toget litt ut av trafikk og byliv, til ei lita ”fiske bygd” som heiter Howth – blått hav så langt du ser. Her gikk me å trakka litt og fekk i oss ein liten matbete før me tok turen til byen igjen.
Ellers på kveldane har me kosa oss med god mat og drikke!

Dagane går vanvittig fort når ein har det moro, så vips kom søndagen og heimreise stod for tur.
For min del bar det rett på CadLaben, der det har vore nokon hektiske dagar sidan. I dag har eg levert oppgåva til MidCriten, i morgon står presentasjonen for tur.
Kan ikkje anna sei enn at gleda meg meir og meir til sol og sommar, hjem kjære hjem..

Enn så lenge håpar eg alle har hatt ein trevlig PåSKE.. masse snop, rock og moro!
Takk for besøket mams, paps og Joa – snart sjåast me igjen...

See ´ya!!

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Så flott at de har kosa dikka i påsken!! Ser ut som de hadde litt finare vær enn oss:) E ikkje så lenge te du kjem heim no, Hannemor, og det gleda me oss te!!

Klem, klem

8:28 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home