HanneDublinBlog

tirsdag, juni 12, 2007

Siste ord er enda ikkje sagt...


No er det sommarferie - kjekt at så mange har vore inne å sett på bloggen, no er det på tide å arkivera det eg har skrive her gjennom året i Irland... lettare å hugsa tilbake på kva som har skjedd og kva ein har gjort...
Det vert nok Dublin tur i august igjen, då me lyt ferda oss med structure eksamen, forhåpentligvis!

Enn så lenge - er kanskje siste ordet på HanneDublinBlog sagt!

Slán leat - GoodBye!

Brabazon, Griffith, Folket, Sambuarar..Dublin - TAKK FOR NO!!


Da var koffertane faktisk komne heim i Flotavegen.. det er ein rar følelse, men samtidig veldig godt!!!
Det er på tide å lagra gode minner på ei gigantisk minnebrikka - sjå tilbake på tiden som svært innholdsrik.
Nye kontaktar, hyggelige stunder.. CADLab - det forsvinn ikkje med det første..
No er det sommar - norsk mat, god stemning og berre kosing...

Ein epoke i livet er over.. ein ny står for tur!!
God sommar alle sammen..

See ya!
Hanne

torsdag, mai 24, 2007

HURRA HURRA HURRA!!!!








Ein stk LYKKELIG Hanne!!
Eg hadde presentasjon av final project på mandag - det gjekk fint, ergo - EG ER FERDIG!
No gjenstår det 2 veker med BERRE KOS... Caro får besøk til helga, Gunn Hege og Tiril tek turen.. Ellers så reiser susa om 7 dagar og for min del kjem Joacim om 11 dagar - går slag i slag no!!
Gledar meg utrulig mykje til det, da blir det ei veke med "ferie" i Irland..satsar på å få sette ein del av landet før eg forlet det..
Trist på ein måte - kjem til å sakna folket, men herleg å få oppgåva vekk frå skuldrane!!!!

Håpar alle har det bra - lovar å vera litt flinkare å blogga om SISTE TIDEN her i Dublin - tiden er ikkje til å stoppa ser det ut som så ein får utnytta det til det fulle!
Håpar folket har det bra...

Eit lite innblikk av oppgåva over....

See ya!
Hanne

lørdag, mai 12, 2007

Kva skjer?

5 dagar til Final Print dato - da skal oppg sendast til trykk - treng ikkje sei meir enn det!
WÆÆÆÆÆÆÆ..

Oppdateringar kjem om fem dagar - hei å hå!!
:)

torsdag, mai 03, 2007

Sommer kommer, sommer kommer... sol og regn, latter og sang!

Ja, det er no snickers og twist!!!
I går var det duka for siste CRIT før FINALEN som da er 16. mai, eller da blir oppgåvene sendt til print.. og ikkje ein har ikkje mulegheit til å gjera noko som helst meir.. IIK! Kjenner det gir ein litt skummel følelse i magen.. men fornøgd blir ein vel heller aldri, så det får gå som det går.. eg er iallefall eit steg NÆRMARE NORWAY, og DET føles herleg!
Sola skin som berre det om dagen, lite fristande å sitta inne! Rykte seier at de ikkje har det så aller verst de der heime i Nord heller:)
No blir det FULL rulle fram til den tid, så sikkert lika lite blogging som det har vore i det siste..hoho!

Håpar alle har det bra - så skal eg prøva å bidra med litt vår/sommar bilder etter kvart... :)
See ya!

onsdag, april 25, 2007

BLOGG TØRKE - Norway here I come, snart!


HEI og hå.. for den som fortsatt stikk nasen sin inn her.. (Irene, hehe)
Det er 5 VEKER igjen, noko som er heilt UTRULEG! Det vil da sei stress stress stress - har presentasjon av oppgåve neste veke, innlevering tirsdag. Dette er da den siste, før FINALEN... så eg er å finna på ein sliten, ille luktande data Lab om dagane, kveldane.. det blir dag og halvveges natt jobbing!
Oppgava skal leverast til print rundt 17.mai og etter det blir det ein HUTTEMETUU fest:)
Ellers vil nok dagane gå slag i slag som no, førebuingar osv.. tykkjer det er ok på ein måte, skremmande på ein anna og litt trist og sjølvsagt.
MEN - det skal bli sååå HERLEG å komma heim.. eg veit det står ein FLUNK ny gass grill på plankane heima - den skal brukast flittig!
Gleda meg til å sjå alle sammen igjen - her har det våre full vår i snart 3 veker... regnet har begynt å visa seg igjen, noko som egentlig er HEILT greitt når eg sit framfor ein dataskjerm heile dagen :)

Håpar alle har det bra, 44 DAGAR IGJEN...
HURRA!!!!

See ya:)

onsdag, april 11, 2007

Howth Panorama by Joa Styve!

tirsdag, april 10, 2007

Påskestund har gull i munn..




Onsdag var det klart for besøk, og etter nokon hektiske dagar med oppgåve jobbing valte eg å ta heilt fri når dei kom.. sjølv om eg skulle ønska eg kunne ha brukt meir tid til folket og kanskje slappa litt meir av, har eg kosa meg masse... men men, det er no slek!

Me hadde iallfall nokon STRÅLANDES dagar i Dublin by, påskesola ville verkeleg vise seg fram og det utnytte me det til det fulle!

Torsdag måtte eg ha meg ei økt på skulen, medan besøket leika litt turistar i byen på eiga hand. Fredagen tok med toget litt ut av trafikk og byliv, til ei lita ”fiske bygd” som heiter Howth – blått hav så langt du ser. Her gikk me å trakka litt og fekk i oss ein liten matbete før me tok turen til byen igjen.
Ellers på kveldane har me kosa oss med god mat og drikke!

Dagane går vanvittig fort når ein har det moro, så vips kom søndagen og heimreise stod for tur.
For min del bar det rett på CadLaben, der det har vore nokon hektiske dagar sidan. I dag har eg levert oppgåva til MidCriten, i morgon står presentasjonen for tur.
Kan ikkje anna sei enn at gleda meg meir og meir til sol og sommar, hjem kjære hjem..

Enn så lenge håpar eg alle har hatt ein trevlig PåSKE.. masse snop, rock og moro!
Takk for besøket mams, paps og Joa – snart sjåast me igjen...

See ´ya!!

søndag, april 01, 2007

No livnar det i lundar...



...No lauvast det i Lid
den heile skapining Stundar
No fram til Sumars tid

Det er vel farge Stunder,
når våren kjem her Nord
og atter som eit under,
Nytt liv av Daude gror, sann!!!

Ein liten vårtrall no som søndagen i Dublin har vore prega av varme strålar frå ei skinnande sol, DETTA LIKA ME!
Endeleg kan me forstå kva de der heime prata om..PÅSKEVÉRET!
For den som er så heldige å ha teke Påskeferie, slitan me helsa seie eg...
Me Griffith College studentar er nok fastspente i kvar vår stol forran ein dreten dataskjerm denna veka...
Men thjo å hei, ingen sure mine. Ventar finfint BESØK frå Norge på onsdag - og det skal bli KNALL..
Håpar de tek me dykk litt påskesol og godt humør, langrenn skia kan de trygt legga att:)

Det er ei hektisk veka i møte, har CRIT tirsdagen etter påske. Aiai, i skrivande stund ligg eg tynt an.. me får tru at iherdig jobbing dei kommande dagane kan gi litt resultat.
Ellers so har me finfint, ete og drikke godt - og eg må springa heidundrandes fort om eg skal rekka "bikinisesongen", hoho..

Ha ei finfin veka, nyt fri de som har det.. lucky pigs!
Me radlast :D

lørdag, mars 24, 2007

Lys i TuneLLen..


I dag er det full vår stemning i Dublin - deilig! For ei veka sidan stod me å hutra ned i byen og såg på parade. TYPISK!
Ellers er det eit lite snev av framgang i oppgava, FLINK...
I morgo kjem Susi tilbake fra Norge, me gledar oss - litt tomt her utan ho!
Stedja sit no å oppdatera meg på Norge kampen over msn, dyktiga kvinna! Skrive som ein ræcer..

Ellers sit eg og kosar meg med musikk, på tide å dra fram tegningane - etter ein 4 timars lang matpause :)
Jaja, det er viktig å kosa seg. Det veit eg mamma ville ha sagt, og da er det greitt - hehe!

Kos dykk!
Radlast:)

fredag, mars 23, 2007

Helg, nok ein gong!



Eg veit ikkje om det berre er meg, men no tykkje eg seriøst at det er fredag anna kvar dag...
Ei veka sidan Helletuppa var her - skremmande å tenka på!
No har me faktisk hatt fri ei heil veka, eller over det. Og fortsatt ligg eg dårleg an med oppgåva, korleis er det i det heile tatt muleg? Eg spør meg sjølv.
Surrehåve, kalla me slekt.

Eg skal skjerpa meg når eg bli stor!

Dagane har gått i eitt, litt vandring i byen – og så har eg slått av litt tid på skulen og, faktisk. Ellers er det tredje kvelden min ALL alone in Brabazon, eigentleg ganske herleg. Då ein veldig skjeldent er mindre enn to – så mens Caro kosar seg meg Kæll´n sin, spelar eg musikk for naboar – syng ein liten trall og tek meg ein bete norsk melkesjokolade.
Kan det bli betre? N I X..

Følte for å bruka litt peng i dag, så da gjekk eg inn på ein Apple butikk og kjøpe den søtaste tingen eg har hatt på lenge.
Så utruleg liten, men likevel så stoor.
Ipod Shuffle – oransje, fordi eg fekk følinga av sommar da eg såg han. Nice.
Me to skal få det moro saman, inga tvil!!!

Så no sit eg på ein pinnestol av eit møbel, klar for å gjera ein bitteliten innsats med oppgava mi...
Ha ein riktig god helg – nyt det, plutselig er det måndag att☺

Radlast!