HanneDublinBlog
fredag, september 29, 2006
onsdag, september 27, 2006
mandag, september 25, 2006
Sunday lovely sunday..
Søndag er søndag - ofte kjedelege, ofte prega av gårsdagen sprell, ofte den dagen ein verkeleg kan sova lenge om morgonen, ofte lite kreative og tiltakluse dagar. Men ikkje i Dublin.
Her er søndag ikkje vanlig søndag. Iallfall ikkje kva eg/me/veldig mange er van med.
Nesten alt av butikkar er ope - kjøpesenter og gatebutikkar!
Det virkar som at mange irske nyte denna dagen saman med familie, ungar og venner i byen.
Her vandrar ein rundt i gatene, i eit bedageleg tempo - eller når vèret er som i dag - strålandes, tek mange turen til parkar og leikeplassar.
Ettersom me gjekk verdas lengste omveg i natt, på veg heim frå utestaden ODEON - fann eg og caroLina ut at me skulle ta turen ned til byen for å sjekka kor retningsansen vår svikta i natt :-)
Kamera er sjølvsagt med på ein solskinsdag, og her er ein liten smakebete av det me støtte på ....
søndag, september 24, 2006
De glade fæst piger...
Lite bilde referat frå gårsdagens tjoåhei kveld! Det blei ein kjempe kjekk kveld, der ein fekk treffa ein del nye folk frå klassen som ein ikkje har fått mulighet til å helse på før, då me har vore delt i to sidan dag ein.
Kvelden begynte med vorspiel på "landet", veldig langt vekke frå byen. Iallefall for oss som bur MIDT i city center - så bar det vidare på uteplassen ODEON, ein stor og fin uteplass.
Her dansa me helane til blods, for å så gå verdens største omveg heim når alt var over! Retningsansen er ingenting å sei på :-)
Alt i alt - nok ein vellykka kveld ute!
Tek også med nokre bilder frå torsdagen, då me trebukkene bruse slo oss sammen med dei fire bukkenebruse for å ta ein "liten" tur ut... :-)
Vorspiel plass, RMC house!
lørdag, september 23, 2006
Saturday night fever...
Hei og hå folkens...
Blitt lite oppdateringar denna veeka, lite nytt egentlig!
Skulen startar for FULLT mandag, da skal alle elevane vera på plass.
Norske, svenske?, irske og osv.. så det blir spennande, ikkje minst veldig greitt å endeleg få komma skikkelig i gang.
Før den tid, ha med laurdagen i dag og søndag i morgo til litt sprell :-)
I dag vert det innflyttningsfest hos nokre Trønderjenter frå klasse, som me egentlig ikkje kjenner,hehe. Håpar det blir kjekt!
Byen byr på eit tungt skydekke og regn i dag, merka at kroppen blir litt vèrslapp.
Snart hiv med på oss sko og jakke, ned i byen for å trakke!!
God helg FOLKS - meir om helgas happenings vert publisert i morgo!
See ´ya :-)
tirsdag, september 19, 2006
Spytt it out...
Viss ein blog burde bli oppdatert kvar dag, er eg ein dårleg bloggar! :) hoo..
For å unngå å tyggja oppatt og oppatt det samme "vaset", har eg funne ut at eg lagar meir ein DUBLIN blog - litt generell info om ein så langt SUPER by, og litt om det som skjer når det først skjer noko SPANANDE!
Er de ikkje enige?
Akkurat denna veka er det fantastisk LITE som skjer, skulen dreiar seg om Newton, tyngdekraft, stress, fysikk, hypotenus, geometri, stabilety, equilibrum, ja - og masse masse meir som kun Albert Einsteintype tilhengjarar elskar.
Eg derimot, vrir og vrenge hovudet mitt, men er fortsatt like lite med.
Ikkje berre er det deprimerande - men ein føle seg lite smart rett og slett , men takk GUD/MARIA - me er mangen av dei ( i klassen.. :-)
Eg ventar berre på at eit lys skal gå opp, eit sterkt eit. Håpar det kjem før helga, ellers slit eg!
Ellers saknar eg venner, familie og min kjære der heime i moderlandet, sånn, så har eg sagt det og;-)
...JA, og så litt Hydro da! ( HEHE..)
Ser du, ikkje mykje vetugt og intressant detta -
Nei, folks, I´ll BE BACK! De får venta i spaning.. :)
See ´ya!
søndag, september 17, 2006
Girls just wanna have fun..
Me er heilt klart ein gjeng med seriøse studentar - der skule er skule, men det er 5 dagar i veka! :-)
No i oppkjøyringsfasen har det ikkje vore så mykje å gjera av skule arbeid i helgane, så da har me benytta sjangsen til å bli kjendt med pittelitt av det nattelivet Dublin kan tilby for nyfikne og ivrige nordmenn.
I og med at me startar med blanke ark, går mykje av bekjentskapen av pubar på rykte.
Alle veit nokon som veit om... ja, om ikkje du har noko som kjenne nokon som kjenne nokon, er det ikkje verre enn å stoppa å spørja ein irar.
Og irane svarar. Det er egentlig det første ein merkar når ein kjem ned her, du skal ikkje stå lenge med nasen i kartboka o.l før ein spørjande irar lure på om du er lost. Takk takk for all hjelp!
Så me får ta tiden til nytte å verta meir kjende etterkvart - sjølv om det skal bli hardt å rekka over alle dei 1000 barane Dublin kan skryta av :-)
Mangen av oss er oppvaksne med gode, sletne brune pubar frå bygdene, så ein skal ikkje sjå vekk i frå at det er på ein lokal, irsk pub me kan føla oss mest heime :-)
Eg ser i allefall fram til å oppleva og utforska "dublinsk" nightlife i komande framtid!!
Cheers!
lørdag, september 16, 2006
Sightseeing day..
Som sagt strålte sola på morgonkvisten i dag, og det mest utrulege er at det varte heile dagen. Det tok oss ikkje mange dagane før me vart vant med ekte Dublinklima - paraplyen er alltid med sjølv om sola skin, for her veit ein aldri. Veldig Bergen kanskje på akkurat detta området.
Så i dag utnytta me dagen til det fulle: tok kamera over nakken på ekte japanskturistvis, hoppa på ein sightseen buss og fekk sett mangen av Dublins store serverdigheitar.
Detta var ikkje noko vanleg, putt øyrepluggen i øyra å høyr på ferdiginnspelt informasjon tur.
Å neida, ei sprudlande, ihugga og stolt irsk dame, guida oss gjennom turen. Her var det informasjon rett frå hjarte, og vitsane og ironien var det ikkje spart på.
Detta gav oss meirsmak, så om ikkje lenge vil me hoppa på nok ein tur - men da sjå ein anna del av byen!
Detta er virkelig å anbefalla, lærerikt og morsomt :-)
fredag, september 15, 2006
torsdag, september 14, 2006
Susie 22 years old, today!
My lovely adorable roomy!
Happy Birthday to you,
Happy Birthday to you,
Happy birthday dear sporven,
Happy birthday to you!
Har planar om tre dagars feiring –
I dag kaker,
I morgon mat,
Laurdag øl.
Eg kalla det helmax feiring ☺
Alle som vil gratulera susi, kan senda ho ei helsing på
Anten: blink, finn ein ven, singel? , msn, mms, sms eller www.susannedublin.blogspot.com
thihi, da vert ho gla!
See ´ya
Neste sommer – skal vi atter drikke vin, og vi skal høre gamle sanger om igjen…
Nok ein sommar er over – og som alltid gjekk den så altfor fort.
Eg hadde i alle fall store planar om alt som skulle gjerast og rekkast over, men tida strekk ret og slett ikkje til.
Det er når ein først sett seg ned for å sjå litt bilder, ein tenkjer tilbake på det ein har gjort.
Så kjære alle venner, familie som er spreidd for alle vindar. I nord, sør, vest og aust, innlands og utanlands – me lyt berre gleda oss til neste gang me skal samlast igjen.
Me har det alltid så kjekt når det først vert tilfelle! Det er berre å gleda seg til jul ☺
Sjølv om me alle er travel på kvar vår vis, håpar eg alle har det bra ☺
Tenke på dikka! kos og klem
mandag, september 11, 2006
Guinness Store House
Klassen hadde ein nærmare look på den berømte Guinness fabrikken - Irlands store stoltheit!
Her fekk me ein nærare titt på korleis alt vart til og sjølve prosessen til ølet - men det mest intressante var sjølvsagt smaksprøvane og den kalde Guinnessen i the panorama bar on the top!
Med fantastisk 360 grades utsikt over heile byen og kald Guinness i handa - var fredagen redda! :-)
Prosjekt bustad i Dublin
Etter ein sjokk melding fraa skulen om at bustad var umuleg aa finne seg.. ankom me Dublin med ein svaert liten dose FORVENTNINGAR! Irske landlorda er svaert skeptiske til studentar - saa me maatte ta fram det beste i oss aa sei at PENGAR var ikkje noko problem - sjoelv om me tok litt hardt i der.. :-)