HanneDublinBlog

søndag, oktober 29, 2006

Vandring i byen..


I det eine faget vårt - building conservations, restaurering av byggningar har me verdas mest ivrige lærar. Pat er namnet, og han har ein "ting" for gamle byggningar og bygg generelt, som me andre aldri vil kunna forstå. Han vil at me skal forelska oss i byggningar, han gjere det heile tida seie han. Rart, men sant. Iver er eit godt stikkord, og er det noko denna karen har..så er det nettopp det. Det har ein positiv smitteffekt på oss andre, IKKJE så ihuga studentar. Merka sjølv at eg blir flinkare etter kvar forlesning, til å bemerka og observera det han lære oss, han er dyktig. I tillegg er han ein djevel på datoar og årstal, så me har mykje å læra :-)
Som sagt var det kostyme fest i går, og gåturen i dag hang i ein tynn tråd da vekkeklokka ringte klokka halv ni. Me hadde avtala om å ta ein "roleg" kveld ute på byn i går, selfølgelig går det aldri som ein planlegg.
Me var ein snau gjeng på 9 stk som møtte opp på turen i dag, og turen i seg sjølv som varte i 4 timar, var grei den..
I morgo skal me gå på nordsida av Dublin å sjekka opp dårleg restaureringsarbeid eller falleferdige bygg - kånge!

Først treng ein litt fleire timar på auga enn det gårsdagen bestod av..good night!

See ´ya!

lørdag, oktober 28, 2006

Kostyme fest..


Party party - denna gongen blei me bedt på kostyme fest saman med ein gjeng med lege studentar som held til her nede!
Me valgte å ta ein anna vri enn all denna skumle Halloween kostymen som ein finn i dag - så finnes det noko likare enn tre gode fe´ar??
Me spente på oss vingene og det blei nok ein vellykka kveld på by´n:-)
Hadde ikkje med meg kamera ut denna gangen, så det blir Caro og Susa´s bilder som får vera kjelder denna gongen - ellers var det eit koslig vorspiel, der me var ein god mix med Dracula, fe´ar, tusser og troll under same tak...artig var det iallefall!

See ´ya!

Gaelic football..


Torsdag blei me med på Gaelic fotball kamp - det var ein 2.divisjons kamp, men det var likevel høgt tempo og mykje sinne :-)
Det er ein irsk sport med ein blanding av rugby og litt basket!
Det var ikkje så mykje eg skjønte av poengfordelinga og reglane under kampen - men i ettertid har eg fått reglane forklart og skjønnar opplegget litt meir.. :-)
Uansett, kjekt å oppleva og sjå litt typisk irske ting også, i ein ellers så travel kvardag!

See ´ya!

onsdag, oktober 25, 2006

"Båt prosjekt" utflukt...




Mandags morgon gjekk turen med buss til midten av Irland sånn sircus, hehe. På ein plass som heiter Athlone. Dagen gjekk ut på å gå å sjå litt på ulike husbåtar, og selfølgeleg den som me skal byggja frå stålramme til fix ferdig innredning. Det blir ei utfordring, men eg ser positivt på det og gleda meg.
Ellers går dagane i skulearbeid, det er fortsatt ikkje så mykje me rekk etter skulen. Seine dagar, mørke kveldar og mykje i tankane. Det er full-booka planar fram til jul - så her er det berre å henga i :-)

Me hadde i allefall ein koslig kveld på turen, mat og mykje godt i glaset :-)
Kjekt å samlast som klasse - alle under same tak, er ikkje så ofte det skjer og at me får moglegheita til det.
Uansett, her er iallefall eit lite bilde referat frå turen..

See ´ya :-)

søndag, oktober 22, 2006

Ny oppgåve...


Me har fått ny oppgåve som skal vare fram til jul - "bygge" og innrede ein husbåt!
I morgo går turen til Tullamore Harbour for å sjå på forskjellige husbåtar, og "snakka" med dei som eig den båten me skal bruke som modell. Det er nemeleg slik at desse kan bruke nokon av våres forslag om dei fell i smak, så dette blir spennades!
Me blir i Tullamore Harbour til tirsdag, så eg kjem tilbake med meir informasjon når eg er tilbake!

(No skal me sjå Istid 2 på norsk, reine julafta her no :-) Wiiuh!)

See ´ya!!!!

Fort gjort...


Sidan dagane flyg skulle me utnytta tiden godt, det resulterte i mykje traking og sjåing på besøket vårt denna helga.
Gnagsår og såre bein var noko av det me som guida kunne by på.. :-)
Mamma´n til Caroline, Lisbeth, tok og turen saman med mams og paps. Så i helga har me synt dei byen Dublin, og litt av det livet me leve her...
Fredag var med tidleg på Guinness - og folket fekk ein anelse av korleis dette blir til! Det var tredje gangen for min del, så no tenkte eg at eg skulle søka som personleg guide!!! hoho..
Sidan pappa tok dei fleste av bildene - blei ikkje desse av dei mest informative - kjem sterkare tilbake!

Uansett, TUSEN TAKK for koslig besøk iallefall, berre synd at tida spring i frå oss... :-)

See ´ya :-)

Frøken Stedje fyller 22 år!!


Gratulera så masse med dagen i dag kjære Stedjus..
Feira nok IKKJE med bolla og brus i Budapest i kveld du kan eg tenka meg...:-)
WIIUH, håpar stemingen er bra og at du ikkje blir altfor full!
Ha ein strålandes dag på tur Cats..

Stor nuss frå meg! :-)

mandag, oktober 16, 2006

Ei ekte kosehelg...




Joacim kom som sagt på onsdag og i dag er det mandag - tiden renn rett og slett i frå oss. Kor blir den av?
Me har hatt ei kjempe kjekk helg - med masse trakking og litt turist leiking!
Joacim har fått eit positivt inntrykk av byen og ha kosa seg på irske pubar med Guinness både morgon og kveld :-)
Me ha vore på Sightseen buss, Guinness fabrikk og blitt litt meir kjende her i Irlands perle!
Det blir ekstra kjedelig i morgo da han lyt ta vegen heim til moderlandet - men sidan dagane susar avgårde, vil nok tida fram til jul gå i ein fei...

Eg rekk så vidt senda heim eit besøk før neste står for tur - torsdag kjem MAMS OG PAPS!!! Wiiuh..
Vil tru dei gleda seg til å komma nedover, og eg ser fram til å få besøk av dei og :-)

Her er eit lite bildereferat frå helgas opplevingar :-)

See Ya Ü

tirsdag, oktober 10, 2006

Ny veke, nye mogelegheitar...

Det er siste innspurt i gruppe oppgåve Staircase, finally! Det er ikkje berre berre når seks forskjellige hovuder skal verta enige i ein slik prosess - men me ser enden.
Torsdag er det framføring av opplegget forran fleire av gruppene, så mykje av morgondagen vil gå med til å finitogjera heile greia.
MEN den STØRSTE HAPPENINGEN i morgo er at : JOACIM entrar DUBLIN City på ettermiddagen, noko skal bli FANTASTISK kjekt!
WIIUH - så eg gledar meg!
Opplegget for helga har me enno ikkje klart, men litt sprell skal me no klara å finna på...

Dei to go´tuppene mine er i kveld reist ut for å finna seg ein "kæll" på ein norsk arrangert pub til pub runde, mens eg hønemori rakk ikkje å henge meg på - då me har sete på skulen å mekla i heile dag. Så eg brettar saman klede, ordnar heimen mens eg ventar på at dei skal komma seg vel heim.. :-) Thihi...

Eg kjem sterkare attende med meir blogging om presentasjon - helga og ellers etterkvart!

See ´ya Ü

lørdag, oktober 07, 2006

Helg kjære helg..



Overskudd og energi er framandord denne helga..det fins ikkje snev av gnist ein gang! Kroppen er sleten og treng kvile, så det skal bli deilig i morgo å gjera som i dag..absolutt INGENTING!
Litt vandring og avslappning i byen, kanskje slå ein tanke på gruppe oppgåva er alt av anstrengelse eg skal gjera.

Og er ein stolt tante, ja så er ein det.
Eit smil kan gi mykje i løpet av ein dag - det skal vel ikkje så mykje til for at denna lille karen lyse opp kvardagen for oss.
Fin er han i allefall, faktisk verdas finaste!

Have a pleasant weekend :-)

Ein snufsen Dublinar tek fatt på stien til senga, og gjett om eg gler meg!
See ´ya!

torsdag, oktober 05, 2006

Veka så langt...


Ein forkjølelse har innteke kroppen, og med eit tungt skydekke utanfor vindauge, er det hardt å stabba seg opp og begynna å jobba med skulearbeid.
Etter første framføring av Trappe oppgåva, skal ein i grupper jobba vidare med å forbetre denne som allereie fins.
Eg er jobbar saman med tre andre norske kjekke jenter og ei irsk ei.

I dag skal eg i banken å få min irske konto, ENDELEG - har ikkje venta i mindre enn 3 veker. Irland er eit land med mennesker som alltid har KJEMPE god tid, veldig frustrerande for utolmodige nordmenn!

Ellers blir det nòk ein travel dag - innlevering av Essay i morgo, samt finne ein 100 års gammal Dublinsk byggning som ein skal jobbe vidare med i vekene framover. JUHUU!!! :-)

Håpar alle har det bra der oppe i nord!
See ´ya!

mandag, oktober 02, 2006

10 KG lettare...

Ikkje bokstavelig talt..
...men årets første presentasjon forran klassen - halve klassen, ca. 45 stk er UNNAGJORT!
Totalt er me 90 elevar!!
Det gjekk heilt ok, deilig å berre få sprekka den bobla.. heldigvis står me alle likt, til og med dei irske studentane tykte det var FORFERDELIG! Og da kan dei til og med språket flytande, så det var egentlig greitt å høyra at det ikkje er berre oss som blir segne i knedn :-)
Ellers merkar ein at ting begynnar for alvor, det er ingen leik lenger.
Lærarane forventar mykje av ein, og må henge i for å rekke over alt. Deilig å komma i gang å sjå korleis ting fungerar, men det blir heilt klart eit år med hardkjøyr og mykje skulearbeid.. vel, det er vel derfor me er her så - tut og kjøyr!

Ha ein fin kveld :-)

See ´ya!

Bursdagsfeiring!!



Det blir lite vetug oppdatering på denna bloggen - SORRY!
Kan mest døypa den om til DublinPartyBlog, for det er jo nesten de det er..
Og kjære mamma... me drikk ikkje HEILE TIDA :-)

Laurdag var me bedt i BURSDAGS SELSKAP (laga jo unskyldningar for kvar ein fest :-) til Helen 21 ÅR og KlartDetErMorroSe Elisabeth 22 ÅR!
Hadde det fantastisk gøy med å mekka pakke til dessa to tuppene - og jammen blei dei fornøgde og, IKKJE VERST!
Med fullpynta stove og kaklande jenter - blei det eit sprudlande og lattermildt vorspiel..deretter bar det ut på by´n...

Kamera er sjølvsagt med, mykje vasebilder.. men her er ein liten smakebit frå kvelden :-)

Heey Ü