HanneDublinBlog

lørdag, november 04, 2006

"Nerde" helg..

Skule, skule og atter skule...
Det vert ikkje mykje fyll og fanteri no framover..
"Arbeidsbordet" ligg strødd med oppgåver som skal vera ferdig før ein kan pakka å reisa heim til jul!
Hovudet er stappa med tankar som slit med å komma ut, diverre... men me trur me ha funne ein løysning på akkurat det problemet! I morgo vert det eit++ glas vin til arbeidet. Me vel å tru at detta vil fønka heilt topp, setta den kreative prosessen i full sving - me kan iallefall SEI det, så høyres det litt finare ut enn fest :-)
Ellers saknar eg det å vera så kreativ at plassen på arket ikkje strekk til..
Det er stort press frå lærarar, alle forventar at ein yte sitt.
Me jobbar som sagt med båtoppgåva - ideane ligg godt gjøymt her. I tillegg har me ei restaurerings oppgåve, finn ein 100 år gamal byggning, finn feil og kom med forslag til bevaring og endring av dette. Så ballar det berre på seg vidare med skriftleg innleveringar i dei andre faga - PHU!
Kjenne sveitten pipla allereie - så det er vel berre å stå på vidare...

Til alle dykk som skal nyta helga - Good helg :-)
See ´ya!

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Heia Hannevennen....no har du vore på konsert som ein vel fortent avrunding før helg, etter altfor lite søvn..jeeesp! Siste innspurt før jul, stå på jenta mi.........you´ll make it good! Pakker er ikkje så farleg med til jul berre eg får deg heimatt...Lotsa love, Bassi:>

11:35 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home