HanneDublinBlog

søndag, desember 31, 2006

NORGE - Julefeiring!



Dei siste dagane i Dublin by var pretty kaotiske, eg rakk ikkje å fullføra nedtellingen til avreise ein gang :)
Leverte gjorde me, og det var ein ubeskrivelig følelse å sitta på flyet heim.
Etter litt "stressjogging" rakk me flyet frå København til Bergen, me var allerede forsinka frå Dublin. Da me landa, forsinka på Flesland og fekk veta at baggasjen vår ikkje var kommen med - var eg berre LETTA over at eg endeleg var på norsk jord!

I dag er det NYTTÅRSAFTA - heilt utruleg, men sant!
Det er faktisk berre ei veka igjen, så begynna hardkjøyret.. ein får prøva å legga den tanken vekk dei siste dagane og nyta det fullt ut!
2006 går snart i minneboka og eit nytt år med masse mulegheitar kjem snikandes innpå oss - her er eit lite glimt frå jula, det har vore HERLEG å få sett kjendte fjes igjen..

Vil berre ynskja alle mine FANTASTISKE venner - som er spredt for alle vindar,

... HAPPY NEW YEAR folks, takkar for det gamle!
Lykke til med nyttårsforsetta for det nye året og feiring av kvelden...

See ´ya!

fredag, desember 15, 2006

Utan internett..




Vert det lite blogging..seriøst lite å blogga om og egentlig - eg har levert BARGEN til print i dag, maange dagar etter dei andre.. Det skjedde noko muffins med tegningane mine, selfølgelig.. dei blei lilla etter scanning! Om eg har vore lut lei før, så veit ikkje eg korleis eg kan utrykka meg no..

Eg kvir meg til mandag da eg skal henta den printa bargen - for det blir ÆSj, så MØKK stygt opplevelse..

VEL, der svalgte eg den.. og gapa over eit nytt stykke x 3 med oppgaver..

No er det conservation av kyrkja oppgåve, Project management - ei go heimelaga TIMELINE av oss tre sambuarane og LAW som står for tur...
Det er fem dagar til eg sit på flyet heim, og uansett... ferdig eller ei, MOR - FAR og JOACIM... eg kjem!!!!!

Sorry all frustrasjonen som kjem på trykk - men det blir litt bedre med ein gang eg har fått ut LITT!
Thanks..

Lovar å komme sterkare tilbake - VIRKELIG!

See ´ya! ;-)

søndag, desember 10, 2006

Laurdag - deadline nærmar seg...


Nok ein lang kveld i Studio..har endeleg fått ut perspektiva mine, VANVITTIG dårlege.. men no er det berre å få jobben gjort ;-)
Legga på litt farge og så berre la det surra å gå...
Formen er stressande - men me kosar oss i studio, og det går mot ei laang natt - klokka er no berre 01.28, kvelden er fortsatt ung!!!

Pakkekalendar, luke 9:

Eit dikt om vennskap
"Vennskap kjenner ingen grenser,
sjølv om avstanden er stor.
For gode venner har mange minner
som i hjerte sammen bor.
Kvart einaste kjære minne - dei aukar i verdi,
for venner som held kontakten,
de gir livet innhold med meining i."

Fine ord å ta med seg - ha fortsatt ei finfin helg folks!

See ´ya!

fredag, desember 08, 2006

Fredagskos - 8.desember


Da kom helga hoppandes på meg igjen! Det er lørdag, søndag og mandagen igjen - så er det barge levering!!
Sjølv om det er fredag i dag, og mangen kanskje sit godt nede i godstolen og kosar seg - sit eg da på skulen. Eg er ikkje åleine, så det er ikkje synd i meg :-) .. me er mangen i same båt, for å sei det bokstaveleg - hoho... Tørt inneklima, tørr humor, den er grei!

Ellers kosa me oss her i Studio på Griffith, med China TakeAway food og godisposen attmed - så ikkje svelt me heller, mor!

Eg kjenne eg ivra litt ette å handla julegaver og diverse, har ikkje vore i byen på ein mnd... PHU, de får senda ønskeliste folkens - ellers blir det bargetegningar på alle i hop, for det har eg iallefall nok av! jEss..

Ha ein finfin kveld!
See ´ya!

torsdag, desember 07, 2006

6.desember - 2 weeks, JUL!


Nok ein dag er over - men ikkje heilt! Sjølv om klokka ha passert 01.41 er det enno ikkje kveld..
Det blir over 12 timars dagar foran pc´en - snart er stompen flat og augene firkanta!
Leveringsdato nærmar seg styggelig og ein får ikkje nok tid om ein kan sei det slik...

Litt oppmuntrande er det då å få gode ord i posten, TUSEN takk Tupsi, Silje ;-) Og eg forventar IKKJE at de sender gåver og stæsj - men de er superflinke jente!.. ord kan sei meir enn materielle "gode" veit du :-)
Lovar å verta betre sjølv og, men tiden har rett og slett sprunge frå meg dette halvåret.. gjekk heilt skjeis med brevskriving og andre planar - I´ll be back :-)

Pakkekalendar, luke 5 og 6: Twix og julekuleSjokkis - perfekt som dessert i ein ellers så grå kvardag :-) Cheers..

Håpar alt står vel til der heime, kjenne ein snev av juleribbe og hydrolukt snart - home sweet home!

Lykke til på eksamen i morgo Stedjus - eg heia på deg og politikken :-) Tvi tvi..

See ´ya!

mandag, desember 04, 2006

4. desember - lang dag!


Det blei jolapub og anna pub i går kveld gitt.. :-)
Nok ein gang, tvilte på om eg hadde tid til å ut..og selfølgelig blei det MEIR enn det skulle!
Klarte å henta meg innatt i dag tidleg og har så og seia sete forran dataen i 12 timar snart - ein stk TRØYTT Hanne.
No er eg så LUT lei barge, og hovudet mitt så proppa av båt ting at eg snart segla heimatt!
Nok syt - ser fram til 12. da vert det ein stk heidundrande fest for at Bargen er sjøsatt - wiuh!

Pakkekalendar, luke 4; Eit vent og koslig bilde av "pakke-kalendar oppfinnaren" sjølv - med ein koslig kommentar ;-)
Det stende på nattbordet Lars!

Vel, klokka tikkar - tiden går - lenge til legge tid enda!

Sov godt...
See ´ya!

søndag, desember 03, 2006

Ein stormfull søndag - 3. desember


I dag trur eg heile den grøne øya snart bles vekk, om eg skal vurdera vinden eg høyrer utanfor..
Det riv og røskar, ular og pip...og det på ein første søndag i advent!

Skule skule skule og kanskje litt julepub på kvellinga!
Ansa arrangerar julepub i dag, for oss norske tradisjon-fantomar.. så da hiv me kanskje på oss jakkene for å smaka på litt graut og gløgg! :-)
Ellers dagdrøyme eg om den dagen da eg skal SLEPPA å tenka på skule, som feks 20.desember. Eg saknar sårt heim i dessa travle tider, og smaken på juleferie blir sterkare for kvar dag som går.. mm, GODT!

Julekalendar, luke 3: SjokkisPeng - synd det ikkje var ekte gull peng, men dei kom godt med likevel:-)

Ellers alt vel!
See ´ya..

lørdag, desember 02, 2006

Julenissen i frå nord..


Med julemusikk i øyra og joggande gange mot Posten var eg seriøst spent på kva som venta meg så tidleg på morgonkvisten.....

Eg har sagt det heile tiden at eg er bortskjemd med verdas beste venner - og nok eit bevis på det, er Annemor som har sete i Trønderbartebyen og MEKKA pakke-kalendar (24 PAKKAR) til ein Dublinar som ikkje heilt har skjønt at det er desember og juletid.
Sidan oss tre sambuarane har bestemt oss for at innkjøp av julepynt er ikkje vits, da me skal "bu" på skulen dei siste 18 dagane som er igjen -( WÆÆ!). Går eg med den innstillingen at julestemningen kjem vel snikandes når eg nærmar meg moderlandet...

MEN - Anne; No gleda eg meg til kvar dag eg kan få opna ein NY pakke, som igjen betyr at det blir EIN dag mindre for kvar dag som går til eg kan få gje deg ein SAFTIG suss på kjaken og SEI, TUSEN HJERTLIG takk for omtanke og utførelse av KÅNGE pakke kalendar.. SÅ GLAD I DEG! <3

Ellers sånn til alle dykk eg ikkje nemner her i bloggen - jau, SÅ ER EG GLAD I DYKK og!! :-)
No blir det skule nerding, sjølv på ein laurdag og 2.desember - ingen bønn!

God Helg!
See´ya...

fredag, desember 01, 2006

1. DESEMBER - hurra!


Det er eigentleg heilt sprøtt og uforståelig at eg i dag skriv 1.desember - eg ha jo akkurat kommen ned hit, Dublin - Irland!
Hadde ein stk innlevering i dag, no er det berre 5 to go! Jeei..
Ellers så blir det dag og natt framover - tidsplanen er sprengt for lenge sidan, og eg veit ikkje arme råd korleis eg skal bli ferdig..NO kjem jula brått på - shit!
Det er ikkje mykje julestemning enda, men håpa den kjem sterkare til søndagen da me har planlagt JULESHOPPING!

Ellers er resten av fam´en; mor, far, Tommy, Stine og gollegollet Mathias på Tenerife for tiden -
GRATTIS med bryllupsdag Mams og Paps :-) Håpa det får ein super kveld med bowling, og null strekte rompemusklar som sist :-)

Ellers gleda eg meg som ein KID til jul, det skal bli FANTASTISK å komma heim.. hydrolukt, ribbelukt og avslapping!
Ikkje minst treffa alle igjen, Tuppene, familie og Joacim!! <3 Hurra..
Det er lyset i tunnelen for tiden - i ein nok så svart tunnel om det skal nemnast..

Vel, back to schoolwork.. OG NOK EIN GANG; PAKKE I POSTEN? Skjer ´a? Ikkje veit kva eg kva eg har gjort som får SÅ masse post, thii :-) Skal stå utanfor posten 09.00 sharp i morgo!!

Ha ein fortreffelig kveld og helg :-)

See´ya!