HanneDublinBlog

søndag, desember 03, 2006

Ein stormfull søndag - 3. desember


I dag trur eg heile den grøne øya snart bles vekk, om eg skal vurdera vinden eg høyrer utanfor..
Det riv og røskar, ular og pip...og det på ein første søndag i advent!

Skule skule skule og kanskje litt julepub på kvellinga!
Ansa arrangerar julepub i dag, for oss norske tradisjon-fantomar.. så da hiv me kanskje på oss jakkene for å smaka på litt graut og gløgg! :-)
Ellers dagdrøyme eg om den dagen da eg skal SLEPPA å tenka på skule, som feks 20.desember. Eg saknar sårt heim i dessa travle tider, og smaken på juleferie blir sterkare for kvar dag som går.. mm, GODT!

Julekalendar, luke 3: SjokkisPeng - synd det ikkje var ekte gull peng, men dei kom godt med likevel:-)

Ellers alt vel!
See ´ya..