HanneDublinBlog

søndag, november 26, 2006

Båtar og kyrkjer om ein anna..


Barge – ein båt som aldri tek ende...
PJHUJ, å laga design på ein båt kunne vert ei rimeleg nice oppgåva..Men i og med at me har klientar som skal henta inspirasjon og ta i bruk forslaga våres, om dei fell i smak – må den vera litt etter kundens ønskeliste – i forhold til det som skal plasserast i den. Samtidig ha læraren vår bestemt at me skal designa båten slik at ein rullestolbrukar skal ha tilgang i visse område og.. Da seie det seg sjølv at i ein båt med ein breidde på 3.88 meter at det blir basic! Vel vel, ein får gjera det beste ut av det og satsa på at det held!

Restaurerings oppgåve – kyrkje
Me har som sagt ein del oppgåver som skal inn før jul – den eine går ut på å velga ein byggning som er over 100 år. For å så finne ut kva som IKKJE SER bra ut og kva tiltak som til for å beholda byggningen i god stand. Jess, eg er ingen kløppar på restaurering, men har valgt ei veldig fin kyrkje her i Dublin, St. Kevin´s.
Detta er ei romersk katolsk kyrkje og svært anleis enn den søte raude kyrkja på Tangen som eg har vakse opp med.
Hadde planar om å dra på messe i kyrkja i dag, men pga fest og fanteri vart det veldig vanskelig i dag tidleg – slek går det når ein skal ta det rolig! Fekk knipsa litt bilder – så no er det berre å KOMMA i gang og skriva.

Til de andre som sit med ekamensførebuingar og anna slit – STAO NO PAO!

See ´ya!