Saturday night fever...
Laurdag hadde me vorspiel i Brabazon for fyrste gang faktisk – HEILT UTRULEG! RMC house klanen kom på taco før dei andre begynt å stiga på. Dei hadde til og med laga PAKKE til meg – heime snekka kalender. SUPER DUPER flott, kjempe glad i dykk jenter! Smask
Caro hadde og besøk av søstera Christine og hennas kjære Stian, kjempe koselig at dei og blei med, sjølv om det var eit soneklart overtal av jenter, hehe!
Det blei mykje godt i glaset og ettersom kvelden gjekk stabba me oss ut på byen.
Alt i alt ein kjempe koselig kveld – avslutta med eit herleg nattmåltid med dei kjekke sambuarane mine. Der eine kryp under dyna og ikkje er det å få liv igjen og den andre som sovnar tyggande oppi maten sin, lekkert!
Ellers så slit eg med å finna bygg til slutt prosjektet. Det har no starta for fult, og eg leita i det uendelege etter inspirasjon og motivasjon. Reknar med den kjem susande når plan og hus er i boks.
Konseptet eg har valgt, er å laga eit aktivitet senter/ala barnehage for autistiske barn og barn med spesielle behov. Detter tykkje eg er både interessant og lærerikt – og det er veldig mykje research som skal gjerst. Spanande!
Dagane går her i Dublin – sjølv utan internett. Heilt utruleg spør du meg. I morgo lyt med ta ringerunde nr 100000 til eit fantastisk internett selskap med namnet NTL.. dei er så lite intressert i å hjelpa oss, eg har ikkje vore med på noko meir frustrerande. No er det nok, får prøva å sei opp heile greia. Så det er kjipt med kveldar som går tapt pga detta. Me skal vel eigentlig ikkje klaga – me har dei som har levd utan straum nokon dagar og no, stakkars jente! Sirup Irland har super god tid og det er noko me begynna å bli van med – surt er det likevel!
Håpar folket har det bra der heime – lite fres på oppdateringar her, noko som skyldast ein stk lite effektiv Hanne for tida. Skjerpings!
See ´ya