HanneDublinBlog

fredag, januar 12, 2007

Back in town..


Første veka i det nye året på Griffith er unnagjort, før ein veit ordet av det er det helg!
Det har vore ei fin veke, men travel.
Matte/Fysikk, law og building regulation eksamen står for tur neste veke. Og det må seriøst lesast i dei neste dagane, wææ.
Eller så hadde eg BURSDAG (fløyte blåås) på onsdag, og eg hadde ein finfin dag!
Starta dagen med å sjå ut vindauge, der sola strålte på ein knallblå himmel. Deilig å endeleg få sjå litt ”dagslys” igjen. Ellers sat me på føremiddagen å jobba med matte oppgåve som me ha levert i dag, skjønnar ingenting – men håpar å klara å bestå!
Mine kjære sambuarar mekka nydelig lasagne, ala Susa´s oppskrift – som me kosa oss med på kvelden. Da hadde me ei riktig hyggelig kveld med god mat og drikke, og besøk av kæll´n til CaroBaro, Martin. Veldig hyggelig ☺
Ikkje minst har eg fått MASSE flotte gåver og helsingar – folk er SÅÅ snille. Fikk masse heime og har fått mykje fint her nede, TUSEN TAKK!

Ellers så gjekk det fint å komma tilbake. Ein kjem fort inn att i tralten igjen, men klart ein saknar sin kjære heime. Eg vonar at tida vil gå fort, me har i alle fall MYKJE å gjera detta semesteret – så tida vil nok fly fortare enn svint!!
Som sagt er det seriøs eksamenslesing i tida framover – men håpar det vil gå greitt.
Har mista internett og me prøver forbrilsk å få fiksa det. Ntl veit ikkje heilt korleis det skal driva kundeservice og irar generelt har VELDIG god tid, så det kan ta ei stund!! Arg..

Håpar alle har det bra ☺
See ´ya!