HanneDublinBlog

lørdag, mars 24, 2007

Lys i TuneLLen..


I dag er det full vår stemning i Dublin - deilig! For ei veka sidan stod me å hutra ned i byen og såg på parade. TYPISK!
Ellers er det eit lite snev av framgang i oppgava, FLINK...
I morgo kjem Susi tilbake fra Norge, me gledar oss - litt tomt her utan ho!
Stedja sit no å oppdatera meg på Norge kampen over msn, dyktiga kvinna! Skrive som ein ræcer..

Ellers sit eg og kosar meg med musikk, på tide å dra fram tegningane - etter ein 4 timars lang matpause :)
Jaja, det er viktig å kosa seg. Det veit eg mamma ville ha sagt, og da er det greitt - hehe!

Kos dykk!
Radlast:)

fredag, mars 23, 2007

Helg, nok ein gong!



Eg veit ikkje om det berre er meg, men no tykkje eg seriøst at det er fredag anna kvar dag...
Ei veka sidan Helletuppa var her - skremmande å tenka på!
No har me faktisk hatt fri ei heil veka, eller over det. Og fortsatt ligg eg dårleg an med oppgåva, korleis er det i det heile tatt muleg? Eg spør meg sjølv.
Surrehåve, kalla me slekt.

Eg skal skjerpa meg når eg bli stor!

Dagane har gått i eitt, litt vandring i byen – og så har eg slått av litt tid på skulen og, faktisk. Ellers er det tredje kvelden min ALL alone in Brabazon, eigentleg ganske herleg. Då ein veldig skjeldent er mindre enn to – så mens Caro kosar seg meg Kæll´n sin, spelar eg musikk for naboar – syng ein liten trall og tek meg ein bete norsk melkesjokolade.
Kan det bli betre? N I X..

Følte for å bruka litt peng i dag, så da gjekk eg inn på ein Apple butikk og kjøpe den søtaste tingen eg har hatt på lenge.
Så utruleg liten, men likevel så stoor.
Ipod Shuffle – oransje, fordi eg fekk følinga av sommar da eg såg han. Nice.
Me to skal få det moro saman, inga tvil!!!

Så no sit eg på ein pinnestol av eit møbel, klar for å gjera ein bitteliten innsats med oppgava mi...
Ha ein riktig god helg – nyt det, plutselig er det måndag att☺

Radlast!

mandag, mars 19, 2007

Oppsummering frå Hellebø besøk!





Det begynna å blir alvorleg SLAPT i blogg statistikken...og det beklaga eg!
Eg skylda på vårfølelsen og travle dagar..

MEN HER KJEM NOKON nye pics frå helgas oppleving!
Torsdag kveld dukka Silje opp, all the way from Bergen. Eg er mektig imponert! Kvelden gjekk med på å slappa av med ein betre taco, laga av sambuar Caro. Ettersom vêret absolutt ikkje har vore på vår side denne helga, vart det mykje effektiv shopping og lite sightseen ute, iallefall mindre enn det eg hadde håpa på!
Men det virka som Silje var svært nøgd med det lille ho fekk med seg.

Laurdag var det klart for den stoore happeningen St.Patrick´s day/festival. Der starta me dagen med å gå ned i byen å sjå på paraden som gjekk gjennom gatene. Det var folksamt, moro og veldig kaldt!!!

På kvelden var me i RMC house på vorspiel, der me åt nydelig salat jentene hadde stelt i stand. Seinare bar det ut på ein uteplass, der me kosa oss med leskedrikk og ein svingom på dansegolvet. Eg og Silje gjekk ein GOD omveg heimatt, da eg ikkje heilt hadde kontroll på retninga. Men sjølv om det bles så busta stod til vers, var me godt utrusta med hatt og jakke. Så det heile enda med at me fekk oss ein god latter! Hoho..

Ellers har tida gått med på å vandra litt i byen i all slags vêr (vår/vinter skiftar kvart tiande minutt!!), guida Silje litt omkring, ete mat, vore på kino, ete snop og latt skravla gå!
Dagane susar når ein først er her, og det er jo veldig trist når ein då må ta fatt på vegen heim.

Det var iallefall KOSLIG å sjå kjentsfolk att, og ein set pris på dei tek seg ein tur, Silje- tusen takk for kjempe koslig besøk...<3
Neste mann ut, er mams, paps og Joa – 2 veker til. Det vil med andre ord seia at eg har mykje arbeid forran meg dei neste dagane..phu! Lazy days er verkeleg over..

Håpar alle har det bra der heime.. See ´ya!

OG til slutt, men IKKJE MINST, IRENE: Tusen takk for så UTRULEG fin pakke og ikkje minst SNOP (som gjekk straka vegen ned i magen.. hehe) Pakken er for FIN for Brabazon Hall og Dublin, og skal vera med på å pynta opp Flotane, når eg no om ikkje lenge vender nasen heim.. JUHUU, gledar meg!!Tusen TAKK kjære, altfor snill<3

Hei då!

mandag, mars 12, 2007

Forrige veke!



Hadde ein ok crit på onsdag, fekk grei tilbakemelding om at eg hadde eit godt utgangspunkt så langt. Så no har eg "kasta" meg over oppgava igjen, prøver å tenke ut nokon geniale idear... Det blei ei ordentleg daffe helg, med bursdagsfeiring av Kristiane på laurdagen! Veldig artig kveld..

I dag er det mandag, NOK EIN GANG.. og torsdag ventar eg besøk frå Norge. Siljemor:)
Det blir kjempe stas, og eg gledar meg stooort!

Ellers er formen finfin, kan ikkje sei at eg stressar så voldsomt. Eg burde kanskje auka lit litt med motivasjon!

Våren er kommen for fult vil eg sei, iallefall i visse periodar av dagen da sola skin og temperaturen tilseie nesten at ein kan kasta ytterjakka.. NICE!
Fredag startar St. Patrick´s helga, ventar i spaning omkva som vil skje med byen da.. dei seier det blir hæla i taket!!

Håpar alle har det bra der heime...her går det finfint!
See ´ya!